Back to All Events

Grønland - det grøne landet

Northern Exposure arrangerer padleekspedisjonar til Grønland kvart år. Bli med? Kom og bli inspirert av føredraget deira.

Northern Exposure arrangerer padleekspedisjonar til Grønland kvart år. Bli med? Kom og bli inspirert av føredraget deira.

Camp Svalheim, fredag:
GRØNLAND er verdas største øy og eit land fullt av kontrastar. I tillegg til tinderekker og brear som stuper ned i isfylte fjordar, lever Grønland verkeleg opp til namnet sitt. ”Det grøne landet” var nemleg ikkje berre Eirik Raude sitt ”salstriks” for å lokka nordbuarar hit; her er det faktisk grønt! Camilla og Kyrre har arrangert padleekspedisjonar og fotturar på Sør-grønland i ei årrekke. Dei kjem for å fortelja, visa bilete og film frå turane og opplevingane dei har hatt. Kom og bli inspirert av føredraget deira. Kanskje freistar det å bli med?  Turane vert arrangert av www.yourway.no. Føredraget er inkludert i showkvelden fredag, men om du berre vil ha med deg dette, så er du sjølvsagt velkommen! Bill kr. 50,- ved inngang.

Earlier Event: June 30
Introkurs havpadling
Later Event: June 30
Hypnoseshow med Torgrim Holte