Back to All Events

Hypnoseshow med Torgrim Holte

På Camp Svalheim får du no bli med på ei spennande reise saman med hypnotisør og illusjonist Torgrim Holte - som tek med seg hypnoseshowet sitt til Årdal. Eit hypnoseshow er noko av det mest spektakulære du kan vera med på, der du sjølv eller venene dine kan bli hovudattraksjonen på scena under hypnose. Her ventar det mange aha-opplevingar og overraskingar for alle og ein kvar!

Torgrim Holte har jobba med Robbie Williams og hypnotisert kongefamilien i Saudi Arabia. I Sveits blei han promotert saman med George Clooney, J.Lo og Brad Pitt. Han blei nominert til Gullrosa i Montreux og har hatt live-show på Broadway i New York. No kjem han altså til Årdal og DU har moglegheita til å oppleva magien ved denne hypnotisøren. 

Kjøp billett via Vipps. Søk opp Nasjonalparkfestivalen eller kode 110905, velg meny og kjøp billett.

Earlier Event: June 30
Grønland - det grøne landet
Later Event: June 30
Mr Orkester varmar opp