Back to All Events

Kjell Elvis til Camp Svalheim


Om du er Elvis-fan eller ikkje - etter eit show med Kjell Elvis kjem du garantert til å bli det! Som einaste Elvis Tribute Artist i Skandinavia tek Kjell Elvis yrket sitt alvorleg. På scena er han Elvis Presley, men også Kjell Henning. Han er Kjell Elvis - artisten som høyrest ut som Elvis, ser ut som Elvis, og skapar den same stemninga som Elvis var så kjend for.

Kjell Elvis er europameister, nordisk meister og bronsevinnar i VM i Elvis-imitasjon. Han har fått namnet sitt i Guinness Rekordbok etter å ha sunge Elvis-sangar i over 40 timar, og no er han altså klar for å ta oss med på ei reise inn i Elvis si verd på Camp Svalheim. 

Kjøp billett via Vipps. Søk opp Nasjonalparkfestivalen eller kode 110905. Velg meny og kjøp billett. Ved kjøp i døra kjem eit tillegg på kr 50,-

Earlier Event: June 30
Mr Orkester varmar opp