Våre aktivitetar

Nasjonalparkfestivalen "Under Storen" er ein festival for deg som trivst best ute der elvar og fossar renn fritt og tindane kneisar opp frå frodige fjelldalar. Her kan du møte nye og gamle vener på dei guide turane våre, eller du kan finna vegen inn i den fantastiske naturen vår heilt på eiga hand. Pass på at du deltek i sjølvi-konkurransen vår, ved å knipsa kreative bilete av deg sjølv på turane me har valt ut og dela dei på instagram med emneknaggen #nasjonalparkfestivalen. Orienter deg også om dei andre aktivitetane våre denne helga - det er mykje som skjer! 

Turane:

For spørsmål/interesse: kontakt Årdal Turlag v Mats: mobil 905 08 395 eller e-post aardal.turlag@dnt.no
Send oss gjerne ein melding om kva tur du vil gå. 
Ein deltek på valgt tur med ein billett som ein får kjøpt på Vipps - kode 106661 (eller søk opp Nasjonalparkfestivalen). Der finn du det under vår meny.
Me håpar du nyttar deg av Vipps, MEN du kan og betale ved oppmøte.

 

Fredag 21. juni:

Introduksjonskurs i Kajakk/havpadling. ca 3 timar. Kvalifiserer til våttkort. Pris: 1000 kr per person.
Oppmøte ved Årdalsvatnet i Øvre Årdal kl 0900.

Arrangør: Bulder & Brak Opplevingar

PÅMELDING: e-post post@bulderogbrak.no eller tlf 975 22 139  innan 20. juni kl 12.


Fuglane i Utladalen og Jotunheimen
Foredrag i Utladalen Naturhus  (tidspunkt kjem) ved Ornitolog Geir Høitomt
Hovudfokus på rovfuglane.

Laurdag 22. juNi:

3 guida “grautturar” med Årdal Turlag
Deltakaravgift på turane: Kr 250,- inkl. transport frå p.plass Hjelle og rømmegraut på Avdal Gard

Påmelding, spørsmål og billett til alle turar:
Årdal Turlag v Mats (telefon 905 08 395) Billett på Vipps (nummer 106661- utforsk butikk, velg frå meny)

1) Kl 09:00 Botnanosi
Frå Haug til Botnen, Botnanosi, Gravdalen og Avdal Gard
Oppmøte: Hjelle parkering. Guide: Kjem

2) Kl 09:00 Åsetvatnet-Gravdalen
Frå skisenteret i Fardalen til Åsete, Åsetvatnet, Gravdalen og Avdal Gard
Oppmøte: Hjelle parkering. Guide: Kjem

3) Kl 09:00 Kyrvassnosi
Frå Murane til Kyrvassnosi, Gravdalen og Avdal Gard
Oppmøte: Hjelle parkering. Guide: Kjem

Transport går frå P-plass Hjellefossen TIL turane.